Du kan ikkje gje god omsorg viss du sjølv er utsliten. Helsepolitikken startar med arbeidsvilkåra.
Helsetenestene skal vere offentlege og tilgjengelege for alle. Men det er vanskeleg å forstå at dagens organisering er optimal. Frå media og frå dei tilsette sjølve ser det ut som rovdrift på individ og leiing som ikkje fungerer.
Du kan ikkje gje god omsorg viss du sjølv er utsliten. Helsepolitikken startar med arbeidsvilkåra til dei som jobbar der — sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar.
Arbeidsmiljølova gjeld òg i helsevesenet. Doble vakter, underbemanning og leiarar som styrer etter budsjett i staden for menneske — det er ikkje effektivt, det er rovdrift. Og det betaler vi alle for gjennom sjukefråvær, gjennomtrekk og dårlegare behandling.
Vi vil at helsearbeidarar skal ha føreseielege arbeidsplanar, tilstrekkeleg bemanning og ein arbeidskvardag som er berekraftig over eit heilt yrkesliv.
Den beste legen er ikkje nødvendigvis den beste leiaren. Vi vil skilje fagleiing og menneskeleiing, og ha profesjonelle leiarar som kan byggje arbeidsmiljø.
I helsevesenet blir dyktige fagfolk ofte forfremja til leiarar — utan opplæring i det som leiing faktisk inneber: personalansvar, konfliktløysing, arbeidsmiljø og organisering. Resultatet er at vi mistar ein god fagperson og får ein dårleg leiar.
Vi vil ha leiarar som er utdanna til å leie menneske, og faglege leiarar som får bruke kompetansen sin der han gjer mest nytte. Begge rollene skal ha lik status.
Kjernetenestene i helsevesenet skal vere offentlege. Rom for private supplement, men ingen privatisering av det som alle treng tilgang til.
Og ikkje same legar i begge systema. Når spesialistar jobbar halv tid i det offentlege og halv tid privat, er det det offentlege tilbodet som taper. Pasientane i det offentlege ventar lenger, medan dei som kan betale går føre.
Vi vil ha tydelege skiljer mellom offentleg og privat helseteneste, slik at det offentlege tilbodet faktisk fungerer for alle — uavhengig av lommebok.
Flytte ressursar frå behandling til førebygging. Styrkje det psykiske helsetilbodet kraftig, spesielt for unge og tilsette i belastande yrke.
Det er billegare å førebyggje enn å behandle — og det er betre for menneske. Likevel bruker vi mesteparten av helsebudsjettet på å reparere skadar som allereie har skjedd. Vi vil snu denne prioriteringa.
Psykisk helse skal behandlast med same alvor som fysisk helse. Ventetidene for psykologhjelp er uakseptable, spesielt for unge. Her trengst det eit krafttak.
Effektivitet målt inkludert sjukefråvær. Ei avdeling som pressar dei tilsette og får høgt sjukefråvær er ikkje effektiv — ho skyv kostnadene til NAV.
I dag blir sjukehusavdelingar og kommunale tenester målte på budsjett og produksjon. Men ei avdeling med lågt budsjett og 15 % sjukefråvær er ikkje billeg — ho er dårleg driven. Kostnadene dukkar berre opp ein annan stad.
Vi vil innføre effektivitetsmål som inkluderer sjukefråvær, gjennomtrekk og medarbeidartilfredsheit. Fyrst då ser vi kva som verkeleg fungerer — og kva som berre ser bra ut på papiret.
Helse er berre eitt av fleire område i partiprogrammet. Sjå heile politikken vår.
Les meir i partiprogrammet