Noreg har gode ordningar for helse, arbeidsløyse og pensjon. Men for bustadøkonomien — den største økonomiske forpliktinga dei fleste tek på seg — ber hushalda nesten all risiko sjølve. Flytande rente som endrar seg over natta, fullt gjeldsansvar sjølv etter tvangssal, og ein av Europas strengaste vegar ut av gjeld.
Over 90 % av norske bustadlån har flytande rente. Då Noregs Bank heva styringsrenta frå 0 til 4,5 %, fekk par med barn i snitt 66 000 kroner meir i netto renteutgifter (SSB, 2024). I USA, Frankrike, Belgia og Danmark har fleirtalet av bustadlåntakarane fast rente — typisk 15 til 30 år. Renta påverkar dei ikkje i kontraktsperioden.
I Noreg kan banken selje bustaden ved misleghald og framleis krevje inn restgjelda. Du mistar bustaden og sit att med gjeld. I 12 amerikanske delstatar, inkludert California, er det banken som tek tapet når bustadverdien fell under gjelda. Ghent og Kudlyak (2011) viste at bankane tilpassar seg ved å prise risikoen inn i renta.
Noreg si gjeldsordningslov krev fem år med minimumsbudsjett — mellom dei strengaste i Europa. I Storbritannia er gjeldsordninga eitt år, i Canada ni månader, i USA tre til fire månader. Forsking på 27 land viser at kortare gjeldsordningstid korrelerer med høgare entreprenørskap.
Rojas (2022) fann at gjeldstyngde hadde 2,5 gonger høgare sjølvmordsrisiko enn normalbefolkninga, kontrollert for psykisk sjukdom og andre faktorar. Noreg sin handlingsplan for sjølvmordsførebygging omtalar ikkje gjeldsproblem som risikofaktor.
Bankane tilbyr fast rente i 15, 20 eller 30 år. Hushaldet veit kva bustaden kostar den dagen dei signerer. Renta blir noko høgare enn flytande rente — det er prisen for å vere skjerma mot rentesjokk.
Dersom bustadmarknaden fell og låntakaren ikkje kan betene gjelda, mistar dei bustaden — men ikkje meir enn det. Banken tek tapet og prisar det inn i framtidige utlån. Dette er normalordninga i store delar av verda.
Gjeldsordningstid ned mot to år. Folk som har fått økonomien øydelagd, bør kome tilbake i arbeid og produktivt liv innan rimeleg tid.
I dag regulerer vi bankane tungt fordi hushalda ber all risiko: utlånsforskrifta, stresstestkrav og gjeldsregisteret er kompensasjon for eit skjørt system.
Når bankane sjølve ber renterisiko og bustadprisrisiko, har dei eigeninteresse i å låne ut forsvarleg. Behovet for detaljerte forskrifter og stresstestkrav frå Finanstilsynet blir mindre. Bankane si eiga tapsbering er ein sterkare disiplinerande mekanisme enn regelverk.
Staten har dei siste åra brukt store summar på krisepakkar — 50 milliardar i straumstøtte, og EU-landa til saman 758 milliardar euro i energisubsidiar. Då rentene steig like bratt, kom det inga tilsvarande kompensasjon. Eit system med innebygd stabilitet reduserer behovet for slike ad hoc-tiltak.
L. C. Praxis har skrive ein grundig gjennomgang av forskinga bak desse framlegga — om renterisiko, gjeldsansvar, gjeldsordning og samanhengen mellom gjeld og helse.
Bustadpolitikken heng saman med skattereformene — kapitalkonto, dokumentavgift og formuesskatt påverkar bustadmarknaden direkte.